Undervisningsstillingar - Lysekloster barneskule
Vi har fleire ledige vikariat for neste skuleår.
100 % vikariat frå 01.08.19 - 31.07.20
40 % vikariat frå 01.08.19 - 31.07.20
Arbeidsstad
Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 190 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda.
Arbeidsoppgåver
Lærararbeid, med undervisning på 1. - 7 trinn i både små og store grupper. Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt . Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor tilpassa opplæring.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå Høgskule eller Universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg. Nynorsk er administrasjonsmålet i Os kommune.
Vi treng deg som har erfaring som kontaktlærar og har god digital kompetanse.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskaper.
Vi ønskjer oss snille og gode medarbeidarar som er glad i å jobbe med barn, og som er strukturerte og tydelege, med gode evner til å kommunisere. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
1.januar 2020 slår Os og Fusa kommunar seg saman til Bjørnafjorden kommune."Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål. Vi ser etter medarbeidarar som lyttar med respekt , finn smarte løysingar, gjer det dei seier og er inkluderande.