ID 1866 Helsefagarbeidar natt - Heimebaserte tenester
Heimebaserte tenester har ledig vikariat på 61% stilling i perioden 01.09.22 til og med 30.08.23. Stillinga har turnus på natt, vekedagar og helger.
Arbeids- og ansvarsområde:
Arbeid på natt krev at ein er fagleg trygg og ein likar å arbeide sjølvstendig samstundes som ein må være god på samarbeid. Her blir man del av eit team kor det er 4 medarbeidar på jobb kvar natt.
Arbeidet er hovudsakleg helsetenester til heimebuande som mottar helsetenester frå heimebaserte tenester og psykisk helse og rus. Arbeidsoppgåvene er varierte og det kan være aktuelt å sitte fastvakt ved behov. Nattpatruljen har også ansvar for oppfølging av digitale natt tilsyn og handtering av tryggleiksalarmer.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Den tilsette må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og
- utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.