ID 1945 Lærar i vikarpool - Litlabø skule
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Det er oppretta ein felles vikarpool for kommunale barnehagar og skular i Stord kommune. Vikarpoolen går inn og dekkjer vikariat frå om lag 16 dagar og inntil 6 månader i kommunale barnehagar og grunnskular i Stord. Staben består av ein fagarbeidar, ein barnehagelærar og fire lærarar som kan nyttast både i barne- og ungdomsskulane.
Vikarpoolen vert koordinert av Litlabø skule.
Det er ledig ein fast 100% stilling som lærar (5-10 trinn) i vikarpoolen.
Me søkjer etter ein som:
- er raus og tydeleg
- er fleksibel og likar å møte nye menneske
- ønskjer å jobbe i team med andre tilsette
- engasjerer og motiverer elevane
Arbeidsoppgåver:
- arbeidsoppgåver knytt til klasseleiing
- tett oppfølging av elevar både fagleg og sosialt
- planlegge gode læringsøkter
- tett skule-heim samarbeid
- bidra i skulane sitt arbeid med å skape trygge og gode læringsmiljø
- delta og bidra i samarbeid med kollegaer
Kvalifikasjonskrav:
- Godkjend lærarutdanning 5-10
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til nærmaste leiar, rektor Kesia Tabita Sowerby Palmer tlf. 926 46 805.
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2191345
- Sist endret
15. desember 2022
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ed920361-527e-4bdb-b7be-859f0c63959d