Spennande jobb i butikk med bredt vareutval
Seimstrand as
Seim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Butikksjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stillinga som butikksjef Seimstrand as er ei stilling med utfordrande oppgåver. Vi har eit svært bredt vareutval, som spenner frå sal av sprengstoff, til jernvare, landbruksprodukt og ikkje minst Hage og skogprodukter.
Som butikksjef får du ansvar for å ha dei rette varene på plass til dei ulike sesongane, halde butikken ryddig og ha god oversikt over vareutval og varelager.
Du får arbeide med flinke kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeide og at vi som kollegaer stiller opp for kvarandre for å ha eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Vi ynskjer at du har bakgrunn som butikksjef/assisterande butikksjef og gjerne med erfaring frå butikk som sel hagemaskiner.
Påliteleg og oppteken av samarbeid
Du må ha førarkort kl B, gjerne BE
Plettfri vandel (absolutt krav)
Snakke flytande norsk og beherske norsk skriftleg
Vi kan tilby gode betingelser for den rette søkjaren.
Om bedriften
Seimstrand AS vart stifta så langt tilbake som i 1896, då med namnet Seimstrand Forbruksforening. Gjennom meir enn 100 år drift har selskapet heile tida tilpassa seg nye tider og trender. Det å ha eit bredt vareutval har heile tida vore sentralt for verksemda. Dette skal vere butikken der du finn alt du treng i samme butikk.
Seimstrand AS ligg på Seim, 10-12min med bil frå Knarvik.
I dag er hovedområda Landbruk, Skog og Hageutstyr, Verkstad for Husqvarna og Honda produkter, Jernvarer og Sprengstoff. Vi har stor omsetjing av robotklipparar for eit stort geografisk område.
Vi meiner dette gjev oss dekning for vårt slagord:
"Vi har det meste, for dei fleste"
Sektor
Privat
Nettsted