80 % vikariat som helsesekretær / bioingeniør
Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste
Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Helsestasjon og fysio/ergoterapi er tilknytt avdelinga, det same gjeld psykisk helse og rus. Vi har både helsesekretærar og sjukepleiarar tilsett ved legekontoret, og vi er ei avdeling med sterkt fokus på tverrfaglegheit.
Stillingstittel
Helsesekretær
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Hva vi ser etter
DU er-
Autorisert helsesekretær eller bioingeniør
-
Har erfaring frå legekontor eller laboratoriarbeid
-
Er ein god lagspelar og positiv til tverrfagleg samarbeid
-
Har interesse for fagutvikling
Arbeidsoppgaver
Vi søker etter ein helsesekretær eller ein bioingeniør i 80 % vikariat. Det kan bli mogleghet for forlenging etter eit år.
Arbeidsoppgåvene vil vere mottak av pasientar, assistering av lege, laboratoriearbeid og administrative oppgåver tilknytt kontoret.
Det trengs også tilkallingsvikar i avdelinga. Dersom det skulle vere aktuelt, skriv dette i søknaden.
Oppstart 01.02.25 eller etter avtale
Vi tilbyr
-
Løn etter Hovudtariffavtala
-
Pensjon via KLP
-
IA-bedrift
-
Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
-
Spennande arbeidsoppgåver med fokus på samhandling, teamarbeid, fag og utvikling
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Helseavdelinga Eldbjørg Haugan på telefon 90968018 eller e-postadresse eldbjorg.haugan@seljord.kommune.no
Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
Søk via elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark. Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, to grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817730
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ecd5ee40-b51e-41ed-abd6-59f944f2992b