Intensivsjukepleiar
Vi ønskjer deg på vårt lag! Vi har 2 ledige vikariat i 75% stilling frå snarast til og med 31.08.23.
Intensivseksjonen i Volda har medisinske og kirurgiske pasientar med intensiv- og overvakingsbehov. Dagkirurgisk eining er også organisert i seksjonen.
Andre stillingsbrøkar kan verte aktuelle ved intern tilsetjing.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i 3-delt turnus med jobb kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Vi søker primært intensivsjukepleiar
- Erfaren sjukepleiar kan også verte vurdert
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert
- Du er fagleg motivert
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne og vilje til samarbeid
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Arbeid i team
- Arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samhald og fagutvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Kontaktinformasjon
Karen-Synnøve Hovden, Seksjonsleiar, 70058200, Karen.Synnove.Hovden@helse-mr.noArbeidssted
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4546612019
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2023
Søknadsfrist: 01.09.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal