Logoped 100% fast stilling og 100% vikariat + sommervikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4372432893 Presentasjon av stillingen:
Logopedtenesta er ei avdeling i Nevroklinikken. Avdelinga yter tenester til inneliggjande pasientar med afasi, dysartri, stemmevanskar og dyfagi. Logopedane behandlar pasientar ved dei fleste avdelingane på HUS. Vi har totalt 8 logopedar tilsett i avdelinga og dei yter også tenester ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.
Vi har ledig følgjande stillingar som Logoped:
- Ein 100% fast stilling frå 01.06.2021
- Eit 100% vikariat frå 14.06.2021 og i 1 år
- Eit 100% sommarvikariat frå 14.06. til 29.08.2021
Oppgje i søknaden om du kva stilling(ar) du søkjer.
Er du logoped og har lyst og jobbe i sjukehus samen med fagleg engasjerte kollegaer så er kanskje dette stillinga du bør søkje!
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og behandling av pasientar som blir tilvist Logopedtenesta
- Rådgjeving til pasient, pårørande og andre faggrupper
- Deltaking i tverrfagleg arbeid
- Opplæring/rettleiing av logpedstudentar i praksis
- Undervising og kurs til logopedar og andre faggrupper
Kvalifikasjonar
- Godkjend logopedutdanning
- Erfaring frå logopedisk arbeid med vaksne er ein fordel
- Erfaring frå logopedisk arbeid i sjukehus er eit ønskje
- Interesse for å undervis/halde kurs er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst, ha gode kommunikasjonsevner og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Vi søkjer etter ein engasjert, arbeidsam og lojal medarbeidar som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må vere fleksibel og trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Trine Drange, Leiar Logopedtenesta, 55975704, trine.drange@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4372432893
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 07.06.2021
Søknadsfrist: 26.04.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.