Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, vernepleiar og helsefaglege studentar m.m.
Ferievikarar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, vernepleiar, helsefaglege studentar m.m.
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
17
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Avdeling for TSB Ålesund har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2024. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og studentar innan sjukepleie, helsefag og sosialt arbeid. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34:
- Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund
- Avrusing rusbehanding TSB Ålesund
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver – medikamenthandtering, dersom ein har utdanning som gir høve til det
- Miljøterapeutiske aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Fullstendig førarkort klasse B med manuell gir
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Linn Therese Reiakvam, Seksjonsleiar, Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.noAstrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4732634630
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2492565
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2a2137d97c01454b824be70c8f158090