Controller (rådgjevar)
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Controller (rådgjevar)
Type ansettelse
Fast, heltid
Antall stillinger
1
Controller (rådgjevar)
Universitetet i Bergen er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i Bergen sentrum. Vi har 18.500 studentar og omlag 4.000 tilsette. Universitetet har ein sterk internasjonal profil som medfører tett samarbeid med universitet over heile verda.
Økonomiavdelinga har ansvar for å utforme institusjonen sin politikk innanfor økonomiområdet. Avdelinga har om lag 90 tilsette. I tillegg utfører vi ei rekkje driftsfunksjonar innan budsjett, innkjøp, lønsadministrasjon og rekneskap. Til avdelinga sine oppgåver høyrer også kvalitetssikring og utvikling av ansvarsområda. Ei sentral oppgåve er dessutan å forvalte og utvikle administrative informasjonssystem for dei ulike funksjonane i avdelinga.
Ved Økonomiavdelinga, Budsjettseksjonen, er det ledig ei fast, 100% stilling som controller (rådgjevar). Stillinga inngår i ei gruppe av 12 medarbeidarar som utfører controlleroppgåver for fleire av universitetet sine avdelingar og fakultet.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er for tida allokert til arbeid for universitetet si Eigedomsavdeling
- Budsjettering, oppfølging og analyse av budsjett og rekneskap innanfor avdelinga sitt ansvarsområde både for drift og byggprosjekter
- Rågjever i økonomispørsmål for avdelinga si leiing
Andre oppgåver innan Økonomiavdelinga og budsjettseksjonen sitt arbeidsfelt:
- Rapportering til leiing og styre
- Sakshandsaming
- Bistand til fakultet/avdelingar i budsjett- og rekneskapsspørsmål
- Budsjettstøtte og rapportering for fakultet/avdelingar
- Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar innan fagfeltet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi ønskjer ein person som:
- Har høgare utdanning innan økonomi på masternivå
- Har analytiske eigenskapar, samarbeidsevner og nødvendig presisjon i arbeidet
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Er strukturert, kan prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
- God administrativ IT-kompetanse
- Relevant praksis
Den som vert tilsett i stillinga, må kunne bruke begge målformer. Relevant arbeidserfaring og interesse for handsaming av tall knytt til styring av komplekse verksemder blir vektlagt. Universitetet i Bergen nyttar Unit4 ERP som økonomisystem, SAP som lønnsystem og Tableau som rapportverktøy. Kjennskap til, eller erfaring frå, desse eller liknande system vil vere ein fordel
Vi kan tilby:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) i ltr 64 – 75 ( for tida kr. 575.600 – 708.000) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: kontorsjef Sven-Egil Bøe, tlf. 55 58 20 33 / 99 51 34 81, e-post sven-egil.boe@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken «Søk stillingen» øvst på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Om Universitetet i Bergen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1503472
- Sist endret
15. januar 2021
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10014700