Ledig stilling som helsefagarbeidar/vernepleiar 2 x 100 % fast stilling ved eining for funksjonshemma
Kviteseid Kommune Lundenjordet
Lundenvegen 18, 3850 Kviteseid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Ved eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling ved eining for funksjonshemma. Begge stillingane er i turnus. Den eine med arbeid 3. kvar helg og den andre med arbeid 4. kvar helg, 35,5 t/v.
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:• Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som vernepleiar.
• Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
• Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
• Førarkort kl. B
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
• Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
• Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert
• Halde deg fagleg oppdatert
• God rollemodell
• Kreativ og glad i aktivitet
Arbeidsoppgaver
• Fremje målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål
• Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag
• Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
• Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette
• Dokumentere i fagsystem
• Tverrfagleg samarbeid
• Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
• For vernepleiar; legemiddelhandtering, KHOL kap. 9, koordinatoransvar
Vi tilbyr
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alle aldrar. Her jobbar det mange forskjellige yrkesgrupper som alle har fokus på å gjere det beste for dei som bur her. Me er ei variert personalgruppe med fleire tilsette som har vore trygge og stabile over fleire år, og nye yngre tilsette som er ivrige, lærevillige og nytenkjande. Dei som bur her trivast aller best med at dei tilsette blir her over tid. Det er det som skapar tillit, stabilitet og føreseielege dagar for dei. Derfor har me fokus på at den enkelte skal trivast og ynskjer heile tida å strekkje oss mot eit enda betre arbeidsmiljø.
Om bedriften
Ved Lundenjordet bufellesskap er me ein blanda gjeng i alle aldrar med ulike utdanningar og yrkeserfaringar. Vårt felles mål er å skape ein god og trygg kvardag for brukerane våre. Vi held til sentralt i Kviteseid med gåavstand til sentrum og har nydeleg utsikt over Kviteseidvatnet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790385
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
eb65bbd7-0ba0-4c9e-bc1c-0a502a77b46d