Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4110248118 Presentasjon av stillingen:
Pleie og omsorg, for tida heimetenestene i ytre, har ledig 75% vikariat som sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 9.9.2019. Turnusen er for tida todelt med arbeid to av seks helgar.
Heimetenestene i ytre er ein del av Herøy omsorgssenter og er lokaliserte på Eggesbønes.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- har bacherlorutdannings om sjukeleiar
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- har førarkort klasse B
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- evnar å samarbeide godt i team
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
- er strukturert, sjølvstendig og evnar å prioritere arbeidsoppgåver
- er løysingsorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetting.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjonsordning og frivilleg fritidsforsikring
- fagdag i turnus kvar 6. veke
- BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Ved intern tilsetting kan andre stillingsheimlar verte ledige.
Kontaktinformasjon
Siv Jensen, Avdelingsleiar, 90785178
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4110248118
Stillingsprosent: 75%
Startdato: 09.09.2019
Sluttdato: 31.08.2020
Søknadsfrist: 11.08.2019
Om bedriften
Herøy er ei øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har storhavet og Sunnmørsalpane som nærmaste nabo. Dette gir unike og allsidige moglegheiter for aktivitetar gjennom heile året.
For tilsette i Herøy kommune er det viktig å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, <<Herøy, ei båtlengd føre>>.