Ulstein vgs - Fast stilling som bibliotekar i 90%
Vi har ledig fast stilling som bibliotekar i 90% stillingsstorleik for tiltreding i juni 2023. Arbeidstida følgjer i hovudsak skuleruta og nokre veker før skulestart og etter skuleslutt. Det er ikkje pårekna arbeidstid på kveld og i helgar.
Vi søkjer etter:
- Vi søkjer ein sjølvstendig og engasjert person som involverer seg i utviklinga av bibliotektenestene og den digitale utviklinga ved skulen.
- Biblioteket skal vere ein viktig læringsressurs og vi ønskjer ein bibliotekar som samarbeider og kommuniserer godt.
- Bibliotekaren må ha god informasjonskompetanse og formidlingsevne, sidan biblioteket skal vere ein integrert del av skulen si pedagogiske verksemd.
- Bibliotekaren må vere glad i ungdom og trivast i eit aktivt miljø.
- Biblioteket nyttar bibliofil.
Om skulen:
Ulstein vidaregåande skule ligg høgt og fritt i Høddvollområdet, nokre km frå sentrum av Ulsteinvik. Skulen har ca 550 elevar og tilbod innan studiespesialisering og studiespesialisering med teknologi og innovasjon, idrettsfag, elektro og datateknologi, salg, service og reiseliv, informasjonsteknologi og medieproduksjon, og påbygging til generell studiekompetanse.
Skulen er ein del av ein allsidig og spennande region, der blant anna den maritime industrien står sterkt. Skulen har godt samarbeid både med lokalsamfunnet, det maritime miljøet og næringlivet elles. Flott natur, hav og fjell er innanfor korte reiseavstandar. Området har elles eit rikt kulturliv.
Vi tilbyr:
- utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- løn etter avtale
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett, må levere politiattest jf. opplæringslova § 10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Søkjarliste:
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Søknad:
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad. Kallar vi deg inn til intervju, må du ta med originale vitnemål og attestar.
Kontaktperson:
Margaret Alme, Rektor, tlf: +4771281004, mobil: 95839744, margaret.alme@mrfylke.no Jon Arne Garshol Haram, Ass.rektor, tlf: +4771281005, mobil: 99627897, jon.arne.garshol.haram@mrfylke.no