Vernepleiar/sosionom/sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4379294042 Presentasjon av stillingen:
Seksjon psykisk helse og rus i Herøy kommune treng vikarar som kan starte raskt. Vi har ledig inntil 150 % vikariat i minst 6 mnd. Opplys i søknaden kor stor stillingsprosent du ønskjer.
Arbeidsoppgåver
Tenesta gir tilbod til personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus. Vi gir både individuell oppfølging, men har også aktivitetstilbod i grupper.
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig høgskuleutdanning innan helsefag eller sosialfag. Primært sosionom-, vernepleiar- eller sjukepleiarutdanning.
- Andre med relevant erfaring og kompetanse kan også søke og bli vurderte
- Det er ein fordel om du har erfaring frå eller vidareutdanning knytt til psykisk helse og/eller rus.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe strukturert og sjølvstendig, men også like å jobbe i team
- Du må ønske å gjere ein forskjell for personar som har vanskar knytt til psykisk helse og rus
- Du må tåle å stå i krevjande situasjonar
- Du må like å samarbeide med andre og vere fleksibel
Vi vil legge vekt på at du kan starte raskt
- Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil
Vi tilbyr
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Engasjerte kollegaer
- Dagarbeid med fleksitidsordning
Tilsetjing etter gjeldande tariffavale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4379294042
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar
Startdato: 18.05.2021
Sluttdato: 01.10.2021
Søknadsfrist: 14.05.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!