Tilkallingsvikar- Barnehage
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar- Barnehage
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
Om stillinga
Dei kommunale barnehagane på Osterøy søkjer engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar.
Som vikar i barnehage er du viktig for barna og kollegaene dine. Vi treng deg som er ein trygg vaksen, som kan engasjere deg i leiken til barna og leggje til rette for god leik og gode aktivitetar - både ute og inne!
På ein vanleg arbeidsdag er det nokre praktiske oppgåver som også må gjerast.
I barnehagen er vi ute i all slags vær og synast det er kjekt!
Vi tilbyr
- at du får bli ein del av eit godt arbeidsmiljø!
- du får opplæring og rettleiing i barnehagen du skal arbeide
- ein personleg og fagleg utviklande jobb. Barna er ulike og vi utviklar oss både personleg og fagleg for å møte deira behov
- løn etter gjeldande avtaleverk.
- Er du høgskulestudent i pedagogiske fag får du tilbod om lønsauke etter fullført 2. året!
- du får ein variert arbeidsdag med mykje kjekke kollegaer!
Sjå gjerne video frå Osterøy kommune her om du vil bli betre kjent med oss:
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter deg som først og fremst ikkje kvir deg for å møte ei utfordring og som raskt set deg inn i nye arbeidsoppgåver eller nye arbeidsmiljø. Vi ønskjer at du skal ta initiativ og vise engasjement i arbeidet ditt.
Du bør snakke og forstå norsk godt då det er mykje sosialt arbeid.
Du må leggje fram politiattest dersom du får tilbod om stilling hjå oss. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månadar, og den må vere heimla i barnehagelova §30.
Vi ser at det er ein fordel om du har arbeida i barnehage eller med barn og unge før, men dette er absolutt ikkje eit krav. Hos oss er du velkomen til å prøve og du vil gå god støtte og hjelp av kollegaer uavhengig av bakgrunn.
Verkar dette interessant?
Vi har både behov for vikarar som kan starte å arbeide snarast, men det vil og vere behov som gjerne oppstår etter ei tid.
Om du ønskjer å arbeide mykje eller lite og i ein eller fleire barnehagar kan vi bli einige om utfrå kva behova er til dei ulike barnehagane. Ta gjerne kontakt med koordinator for vikarpoolen vår ved å søkje på denne utlysinga, fortel kven du er og kvifor du har lyst til å arbeide i barnehage, så avtalar de ein tid for samtale og vegen vidare.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted