Avdelingsingeniør - 50% midlertidig prosjektstilling
Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsingeniør
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 50%
Arbeidsspråk
Engelsk eller norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Forskingsgruppa "Hjernesvulst & Mikromiljø forskningsgruppe" med forankring ved Avdeling for Patologi, Laboratorieklinikken, Helse Bergen, og Universitetet i Bergen, har no ledig ei 50% prosjektstilling (12 månader) som avdelingsingeniør i forskingsprosjektet "«Combining cutting edge technologies for target discovery in brain tumors»", finansiert av Helse Vest. "Hjernesvulst & Mikromiljø forskningsgruppe" blir leia av Prof. Hrvoje Miletic. Gruppa nyttar avanserte metodar for å forstå samspelet mellom hjernekreftceller og normale celler i mikromiljøet i hjernen.
Tilsetting frå 1. januar 2025 er ønskeleg.
Arbeidsoppgåver
- Eksperimentelt arbeid med cellekultur, lentivirus produksjon, lentiviral transduksjon, flow cytometri og hjelp med dyreforsøk
- Avdelingsingeniøren må òg kunne arbeide heilt sjølvstendig på laboratoriet med dei teknikkane som prosjektet omfattar
Kvalifikasjonar
- Må ha fullført mastergrad i eit relevant fagområde innan eksperimentell biomedisin
- Må ha kunnskap innen cellekultur, flow cytometri og dyreforsøk
- Må ha bakgrunn frå og stor interesse for kreftforsking
- Må ha praktisk erfaring med cellekulturarbeid, dyreforsøk (inkludert FELASA C godkjenning eller tilsvarende) og flow cytometri. Kunnskap innan lentivirale vektorer og medførande metoder er ynskjeleg
- Skriftleg og munnleg engelsk på høgt nivå er nødvendig
Personlege eigenskapar
Vi søker ein dyktig og engasjert kandidat med interesse for forsking innan hjernekreft og suicidgenterapi. I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, arbeidskapasitet, sjølvstende, tidlegare forskingskompetanse frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner, entusiasme for forsking, samt evne og motivasjon til å gjennomføre oppgåvene.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Lønn etter gjeldande avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Wik, Avdelingssjef, 55973175Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4882981773
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Wik
Avdelingssjef
55973175
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790620
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0ebd7e9084cd4e479e93216ff26e434d