Ferievikar 2020 - Sjukepleiar/ vernepleiar/ helsefaglege studentar
Org. nr: - Stillingsident: 4161743873 Presentasjon av stillingen:
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk for psykisk helse og rus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2020. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, fagkonsulentar og studentar innan sjukepleie, vernepleie, politi, psykologi og helse- og sosialfag.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 36:
- Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde
- Rehabilitering psykisk helse Hjelset
- Ambulante tenester psykisk helse Nordmøre og Romsdal
- Akutt psykisk helse Hjelset
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Sosionom
- Pedagogikk
- Sjukepleie
- Spesialsjukepleie
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
-
- års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtala
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Bente Midtbø Ødegård, Seksjonsleiar døgnbehandling psykisk helse DPS, Bente.Midtbo.Odegard@helse-mr.no
Tor Martin Stølan, Konst. seksjonsleiar ambulante tenester psykisk helse Nordmøre og Romsdal, Tor.Martin.Stolan@helse-mr.no
Ketil Rune Kvig, Seksjonsleiar rehabilitering psykisk helse Hjelset, Ketil.Rune.Kvig@helse-mr.no
Line Therese Heggem Lingen, Seksjonsleiar akutt psykisk helse Hjelset, Line.Therese.Heggem.Lingen@helse-mr.no
Tarald Jensen, Ass. seksjonsleiar akutt psykisk helse Hjelset, Tarald.Jensen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4161743873
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 29.02.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal