Undervisningsstillingar 2020/2021
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillingane
Det blir ledig fast stilling og vikariat i skulane i Alver kommune frå 01.08.2020. Det er behov for kontaktlærarar og faglærarar i barneskulane og ungdomsskulane. Det skal også bli rekruttert undervisningsinspektørarar. Sjå eiga lysing for dette.
Les meir om skulane våre her: https://www.alver.kommune.no/innhald/skule-og-utdanning/skulane-vare/
Alver kommune har 22 grunnskular og ei vaksenopplæring. Mange av skulane vil ha behov for ein eller fleire nye medarbeidarar til hausten. Nokre av skulane har allereie no klart kva fag som er mest interresant at nye lærarar har i sin fagkombinasjon:
Kompetanse / faglege behov:
|-----------------------|-------------------------------------------------------| | Rossland skule: | Mat og helse | | Lindås barneskule: | Spesialpedagogikk | | Meland ungdomsskule: | Mat og helse, spesialpedagogikk, norsk og kroppsøving | | Knarvik ungdomsskule: | Spansk, fransk og tysk | | Sæbø skule: | Begynnaropplæring | | Manger skule: | Spesialpedagogikk | | | |
Klasseleiing er i fokus - spesialpedagogisk kompetanse er ønskja ved fleire skular
Arbeidsoppgaver:
- Verdas beste og viktigaste jobb: Undervisning!
- Arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø
- Samarbeide på team og i felles skuleutviklingstid
- Legge til rette for eit godt skule-heim-samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Godkjend lærarutdanning
- Gode kunnskaper både fagleg og didaktisk
- Er ein tydeleg og strukturert klasseleiar / klasselærar
- Kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
- Erfaring frå undervsining er ønskjeleg. Ein brei fagkrins er også nyttig.
Personlege eigenskaper:
- Har evne til å bygge gode relasjonar til barn og vaksne
- Er fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig
- Har høge ambisjoner for elevane, kollegaer og deg sjølv
- Har evne til å setje elevane først i eit innkluderande felleskap
- Er positiv og har godt humør
Personlige egenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr:
- Utviklingsorienterte skular
- Dedikerte, engasjerte og positive kolleger
- Samarbeid om elevenes læringsmiljø
- Moglegeit for videreutdanning
- God pensjonsordning i SPK
BLI KJENT MØTE: Knarvik Arena 11/ 3 2020 kl 17:00
Det vert arrangert eit BLI KJENT MØTE for dei som har søkt stillingane. Her kan søkjarar <> aktuelle leiarar for informasjon og kontakt om vidare oppfølging av søkjarar. Leiarar for aktuelle skular vil være til stade i dette treffet. Her organiserer vi treff mellom aktuelle søkarar og leiarar . Lenk til påmelding får du etter du har søkt.
Politiattest
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Olaf Hella, Tlf: 48052319, Epost: kjetil.morken@gmail.com, langhøyane 25
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.