Ledig stilling
Lærdal kommune Sogn LMS og helse
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat helsesjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Me har ledig:
100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta
Helsestasjonen har to helsesjukepleiarar i tilsaman 200 % stilling og jordmortenester i 20 % stilling. Tenesta følgjer opp alle barn og unge frå 0-20 år.
Me søkjer ein initiativrik og engasjert helsesjukepleiar som har interesse og engasjement for førebyggande og helsefremmande arbeid med vekt på barn, unge og familiar.
Kvalifikasjonskrav:
- Off.godkjend sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning kan og vere aktuelt
- Digital kompetanse
- Førarkort for personbil
Arbeidsoppgåver:
- Helseopplysning og helseundersøking i medhald til helsestasjonsprogrammet
- Undervisning i relevante tema til grupper og skuleklasser
- Rettleiing av barn, unge og foreldre/føresette
- Vaksinasjon i medhald til barnevaksinasjonsprogrammet
- Følge opp barn og unge med spesielle behov
- Helsekartlegging og oppfølging av busette flyktningar
- Tverrfagleg samarbeid på system og individnivå
- Fokus på tidleg innsats og arbeid etter BTI modellen
Personlege eigenskapar:
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibilitet og strukturert
- Innovativ og vilje til nytenking, omstilling og problemløysing
Me kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollega som er fagleg engasjerte og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Offentleg tenestepensjonsordning
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2628609
- Sist endret
16. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3339465_228183_nn