Avdelingsleiar barneverntenesta
Barn, familie og helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar barneverntenesta
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Giske kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for barneverntenesta frå snarast.
Barneverntenesta er organisert i eining Barn, familie og helse i lag med tildelingskontor, helsestasjon, legeteneste, fysio- og ergoterapiteneste, kommunepsykologar og psykisk helseteam for barn og unge. Tenesta deltek i det interkommunalt barnevernvakt for Sunnmøre.
Tenesta, som totalt har 6 tilsette, vert i hovudsak driven etter generalistmodellen. Det er eit mål å ha eit høgt fagleg fokus og det vert lagt til rette for etter- og vidareutdanning. Det har vore satsa på kompetanse i COS-p, ICDP og familieråd.
Avdelingsleiar er øvste leiar for barneverntenesta. I tillegg til å vere aktiv deltakar i eininga sitt leiarteam er leiar fast medlem i kommunen sitt psykososiale kriseteam.
Er du på utkik etter nye utfordringar ? Er du ein strukturert og utviklingsorientert person som kan vere ein tydeleg barnevernleiar ? Då håper vi du søkjer!
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Tydeleg leiing av tenesta
- Fag- og personalansvar, økonomiansvar i samarbeid med einingsleiar
- Rettleiing og oppfølging av tilsette
- Faglig utvikling og bidra til tverrfagleg samarbeid
- Oppgåver i samband med interkommunal barnevernvakt
- HMS, kvalitet og internkontroll
- Administrativt arbeid – digitalisering av arbeidsprosessar
- Ta medansvar for og bidra til kommunen sine omstillingsbehov
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg høgare utdanning
- Leiarutdanning
- God juridisk- og saksbehandlingskompetanse på barnevernsfeltet
- Helst barnevernfagleg etter- og vidareutdanning
- Relevant yrkeserfaring
- God kompetanse på barn og unge
- Gode norskkunnskaper og formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Har evne til å skape tillit og til å motivere tilsette
- Har evne til å jobbe heilskapleg og jobbe på tvers av fagområde og nivåer
- Har engsjement for faget og kan vere ein pådrivar for utviklinsarbeidet
- Kan blidra med godt humør til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Tett samarbeid med fagleg engasjerte tilette og leiarkollegaer
- Fokus på tverrfagleg samarbeid
- Konkurransedyktig løn
Kommunen sine verdiar er:
Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Anna:
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med med søknaden.
Gyldig politiattest må leggast fram.
Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk
Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne diponere bil
Kontaktinformasjon
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4835214174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2024
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2694281
- Sist endret
16. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b0b4b0908673473cacd768eab5e8f918