Fagarbeidar/ assistent Vossestrand barne- og ungdomsskule
Frå august 2019 er det ledig 1-2 stillingar som fagarbeidar/assistent i skule/utvida SFO. Samla er det ledig inntil 130 %, der 70 % er fast stilling og inntil 60 % er mellombels for skuleåret 2019/2020. Stillingane fylgjer ordinært arbeidsår, med atterhald om endringar i vedtekter for SFO.
Om arbeidsstaden
Skulen er 1-10 skule med 160 elevar og 31 tilsette. Skulen ligg 19 km nord for Voss sentrum.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er i hovudsak lagt til småskuletrinnet og utvida SFO.
Me søkjer
Fagleg kompetanse
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre søkjarar kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
-samarbeide godt med andre
-er fleksibel
-har godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.