Parkeringsvakt Grotlesanden
Bremanger kultur og fritid søkjer etter parkeringsvakter ved Grotlesanden for sommaren 2024. Frå 22. juni - 18. august.
Vi søkjer etter 6 parkeringsvakter.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vert å ta i mot betaling frå besøkjande, vise dei til rette og rydde boss i området ved sanitærbygg, ettersjå at toaletta er presentable og halde det ryddig på parkeringsplassane. Ein skal og syte for opplåsing av sanitærbygget på føremiddag. Det skal førast timelister for arbeidet. Det kan bli aktuelt med vakter helga før skulestart og helgene etter skulestart, dette kjem vi attende til. Opplæring vil bli gjeven.
Spørsmål kan rettast til driftssjef for kultur og fritid Norvall Klungresæter på telefon 91658547.
Kontaktinformasjon
Norvall Klungresæter, Driftssjef kultur og fritid, +47 91658547Arbeidsstad
Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4798529478
Stillingsprosent: 1%
Engasjement
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no