Vikariat på helse- og oppvekstfag, vaksenopplæring og ringevikar
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2000 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit bredt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny Overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.
Bryne vidaregåande skule har ledig 20% vikariat som faglærer på Helse- og oppvekstfag, undervisning på Vaksenopplæring. Det vil og vera behov for vikartimar utover vikariatet, både ordinær undervisning og på vaksenopplæringa, derfor er det ynskjeleg at den som får vikariatet er open for periodevis større stilling.
Kvalifikasjonskrav:
- Høgare utdanning (min. bachelor) innan helse-, sosial-, eller oppvekstfag, og praktisk pedagogisk utdanning
Eller
- Yrkesfaglærarutdanning innan aktuelle fagområde
- Godkjent politiattest
Arbeidsoppgåver:
- Som faglærar har du ansvar for det pedagogiske arbeidet, saman med kollegaer.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga undervisning.
Me ynskjer:
- Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
- Ein tilsett som er open, samarbeidsorientert, kreativ og har godt humør.
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert.
- At du har gode digitale ferdigheiter.
- At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over eigen praksis saman med elevar og kollegaer.
- Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Helse- og oppvekstfag.
At du er personleg skikka vil bli vektlagt.
Skulen tilbyr:
- Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg.
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring.
- Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar.
- Løn etter avtale
Kontaktperson:
Elisabeth Helgøy Nygård, Avdelingsleiar for Helse- og oppvekstfag
Telefon: 90 82 50 64
e-post: elisabeth.helgoy.nygard@skole.rogfk.no
Søknadsfrist: 08.06.20 Søk på stillingen
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4000 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!