Fagarbeidar/miljøarbeidar eller miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4194744941 Presentasjon av stillingen:
Det kan bli ledig 50 % fast eller mellombels stilling som fagarbeidar/miljøarbeidar eller miljøterapeut i skulen frå 01.08.20.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid opp mot enkeltelev.
- Oppfølging av enkelte elevar sine særskilte behov.
- Arbeid og organisering av skulekvardagen i samarbeid med spesialpedagog og kontaktlærar.
- Omsorg for og oppfølging inne i klassen.
Kvalifikasjonar
- Vi søker ein person som har arbeidd med elevar med særskilte behov tidlegare og som har utdanning knytt til dette.
Personlege eigenskapar
- Vi legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging ved skulen vår, noko vi vil fokusere på i rekrutteringsprosessen.
- Det er viktig å kunne arbeide med å bli stadig betre i arbeidet med eleven i samarbeid med spesialpedagog.
- Du må vere oppteken av å gjere dagen meiningsfull for eleven.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ei spennande stilling saman med eit positivt og utviklingsorientert personale.
Kontaktinformasjon
Hårek Sande, Verksemdsleiar/Rektor, 70 16 25 83
Arbeidsstad
Kyrkjehaugen 2
6014 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4194744941
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 08.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.