Miljøarbeidar
Masfjorden kommune
Hosteland, 5986 Hosteland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar - Vikariat desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Om stillinga
Masfjorden kommune søker etter miljøarbeidar i 100% vikariat frå 13.01.2025 til og med 31.08.2025 ved Masfjorden bu- og aktivitetssenter.Har du utdanning og interesse for miljøarbeid? Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar.
Me har ledig
100% mellombels stilling som miljøarbeidar med fagarbeidarutdanning frå og med 13.01.2025 til og med 31.08.2025
Stillinga medfører turnusarbeid med dag og kveldsarbeid. I dag har me turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Me kan også leggje til rette for ordinære vaktlengder.
Vakt kvar 6. helg.
Arbeidsoppgåver
- Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte
- Delta i arbeidsretta tiltak
- Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar
- Tverrfagleg samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, fastlege, heimetenesta, spesialhelsetenesta mfl.
Kvalifikasjonskrav miljøarbeidar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
- Relevant erfaring ynskjeleg
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B1
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagte
Søkarar med helse- og sosialfaglege høgskuleutdanningar vil også kunne bli vurderte. Lønsplassering etter utdanning
Krav til personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid
- Du er sjølvstendig i arbeidet
- Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert
- Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing
- Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane
- Personlege eigenskapar vil bli vurderte
Me tilbyr
- Løn etter tariff. 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
- Betalt lunch
- God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring
- Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar
- Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro
Politiattest
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
Kontaktperson for stillingen
Ernestas Janciauskas
Leiar Masfjorden bu- og aktivitetssenter
99879710
Om bedriften
Masfjorden bu- og aktivitetssenter ligg på Hosteland. Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Masfjorden kommune har fokus på løysingar som gjev brukarane mest mogeleg styring over eige liv, og satsar difor aktivt på velferdsteknologi. Saman med oss er du med i fronten av utviklinga.
Masfjorden bu- og aktivitetssenter har turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Me kan også leggje til rette for ordinære vaktlengder.
Sektor
Offentlig