Studiekoordinator Eldremedisinsk Forskningsgruppe
Forsking og innovasjon, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Studiekoordinator Eldremedisinsk forskningsgruppe
Type ansettelse
Engasjement, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. januar
No har du sjansen til å kombinere din faglege kompetanse med banebrytande forsking som kan forandre utsiktene til personar med kognitiv svikt og demens! Vi søkjer ein engasjert studiekoordinator til ei 50 % mellombels stilling i Eldremedisinsk Forskingsgruppe.
Stillinga er knytt til kvinnehelseprosjektet "Demens med Lewylegemer hos kvinner," og er finansiert av Noregs Forskingsråd. I tillegg vil den som vert tilsett koordinera ulike kliniske legemiddel-studiar ved ulike demenssjukdomar, sjå vår nettside for oversikt over alle pågåande studiar her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/forsking-og-innovasjon/eldremedisinsk-forskingsgruppe/
Eldremedisinsk Poliklinikk leiar studien vi har kalla "Demens med Lewylegemer hos kvinner" der vi skal finna nye biologiske markører i blodprøvar og ryggmargsvæske hos kvinner diagnostisert med Lewylegemedemens. Vi leiar i tillegg den nasjonale legemiddelstudien, ANeED-studien, der vi prøver ut ambroksol ved demens med lewylegemer. Vi startar i desse dagar opp ANeED Joint Effort21 for å samla inn digitale data frå ulike sensorar frå deltakarar i legemiddelstudien, og FEAD-studien der vi testar om fasudil har effekt mot Alzheimers sjukdom.
Arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass der forskning står i fokus
- Koordinere våre studiar med andre forskningssentra i alle helseregionar i Noreg
- Koordinere våre studier med Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og industripartnarar
- Rapportere til Helse Fonna, Helse Vest og Forskingsrådet
- Koordinere nye søknader inkludert med fysiske samlingar
Kvalifikasjonar
- Bachelor, master eller PhD frå relevant utdanning
- Gjerne relevant erfaring frå kliniske studier
- God norsk og engelsk formidlingsevne både skriftleg og munleg
- God kjennskap til vanlege digitale verktøy
- Kompetanse og/eller interesse for eldremedisin, kognitiv svikt og demens
- Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
- Manglar du erfaring? Ta likevel kontakt! Vi har forståelse for at erfaring kjem med tida! Vi tilbyr god opplæring til deg i forskings koordinering
- Godt arbeidsmiljø der vi jobbar tett saman slik at du får utvikle deg både fagleg og personleg!
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er
- effektiv, strukturert og nøyaktig
- god på teamarbeid og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- ansvarsbevisst og klarer å prioritere mellom oppgaver
- fleksibel og sjølstendig
- god på å ta initiativ og engasjerer deg i arbeidet
Vi tilbyr
- Banebrytende innovative forskningstudiar
- Arbeidsplass med aktivt fagmiljø
- Kursdagar
- Aktiv deltakar i Forskningsgruppa i Eldremedisin
- Høve til eigen forskning innan Eldremedisin
- Samarbeid med andre helseforetak, universitet og høgskular
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Arvid Rongve, Leiar Eldremedisinsk Poliklinikk og forskingsgruppe, +47 90548749, arvid.rongve@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4895690062
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Arvid Rongve
Leiar Eldremedisinsk Poliklinikk og forskingsgruppe
+47 90548749
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2813422
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e4cd264b03544c3292110ac391277488