Tannlegeassistent 80% stilling
Voss Tannhelsesenter AS
Skulegata 11 A, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Tannlegeassistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Voss Tannhelsesenter søkjer ein positiv og engasjert tannlegeassistent til vårt dedikerte team. Me ynskjer å fylla eit viktig gap etter ein av dei flinke assistentane våre som skal flytta frå Voss. Hos oss vil du få høve til å jobba i eit moderne og triveleg miljø, der me legg vekt på fagleg utvikling og pasientomsorg.
Om oss:Voss Tannhelsesenter er ein veletablert klinikk lokalisert sentralt på Voss i Bøndenes Hus. Me tilbyr spesialistbehandling innan tannregulering (kjeveortopedi) og dessutan generell tannbehandling for alle aldersgrupper. Lokala våre er lyse og moderne, og me nyttar det nyaste utstyret innan tannhelse.
Stillingsprosent:
Stillinga er eit 80% vikariat i 1 år med moglegheit for fast tilsetjing.
Arbeidstida er mandag - torsdag, kl. 08:00 -16:00
Arbeidsoppgåver:-
Assistera kjeveortoped, tannlege og tannpleiar
-
Arbeida sjølvstendig og i team
-
Diverse assistentoppgåver
-
Reingjering og klargjering av behandlingsrom
-
Reinhald
-
Sterilisering av utstyr
-
Resepsjonsoppgåver
-
Journalarbeid og timebok
Kvalifikasjonar:
-
Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men er ikkje ein føresetnad.
-
Grundig opplæring vil bli gitt.
Personlege eigenskapar:
-
Pliktoppfyllande og dedikert
-
Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
-
Positiv og profesjonell haldning
-
Du må vera service-innstilt og ha pasienten i fokus
-
Ryddig og strukturert
-
Du må kunna handtera ein til tider travel arbeidskvardag
-
Gode kommunikasjonsevner i munnleg og skriftleg norsk
-
God munnleg kunskap i engelsk
Me tilbyr:
-
Grundig opplæring vil bli gitt
-
Eit godt fagleg miljø
-
Kurs
-
Eit svært godt og triveleg arbeidsmiljø
-
Løn etter avtale
Send inn ein kortfatta søknad saman med CV til post@vossatann.no
Me vil behandla søknader fortløpande, og relevante søkjarar vil bli kontakta.
Kopi av attestar, vitnemål og referansar vil bli etterspurde ved intervju.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga i samsvar med Tannhelsetjenesteloven §3 og helsepersonelloven §20a.
Tiltreding snarast.
Søknadsfrist: 13.10.2024
Om bedriften
Voss Tannhelsesenter er ein veletablert og moderne tannklinikk i Bøndenes Hus sentralt på Voss. Me tilbyr spesialistbehandling i tannregulering (kjeveortopedi) og generell tannbehandling for alle pasientgrupper. Me held til i lyse og trivelege lokale og bruka det nyaste og mest moderne av utstyr.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2748786
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e7bc131f-c287-40cf-955d-465abc8362d9