Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret
Bukollektiva, Sula kommune
Sloghaugvegen 28, 6030 Langevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sloghaugvegen 28 er eit bukollektiv for eldre med samansatt sjukdomsbilete, Seniorsenteret er eit dagaktivtetstilbod for heimebuande eldre. Bukollektivet og dagtilbodet er lokalisert i same bygg og har felles leiing og nært samarbeid både fagleg og sosialt. Totalt utgjer personalgruppa ca 16 årsverk. Begge avdelingane er tilknytta eininga Bukollektiva og vi er lokalisert i sentrum av Langevåg. Vi har no ledig stilling som avdelingsleiar for Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret.
Einingsleiar for Bukollektiva er næraste overordna
Tiltreding i stillinga 2. januar 2025, evt anna dato etter avtale.
Søknadsfrist 3. november 2024
Arbeidsoppgåver
- Du vil ha det daglege faglege og administrative ansvaret for at avdelinga leverer tenester som er basert på kvalitet
- Du vil vere med å utvikle tenestetilbodet i tråd med kommunale og nasjonale føringar
- Du vil arbeide med å gjere andre god ved å praktisere nærleiing
- Du får ansvaret for turnusplanlegging
- Du vil få god kontakt og samarbeide tett med pårørande
- Du vil vere ein aktiv bidragsyter i leiargruppa innad i eiga eining og i samhandling med andre
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring innan eldreomsorg kan vere ein fordel
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring kan vere ein fordel
- Kjennskap til relevant lovgivning, kvalitetsutvikling og turnusplanlegging
- Variert erfaring / kompetanse ifht sjukepleiefaget
- Erfaring/kjennskap til Helseplattformen kan vere ein fordel
- Vi vil vektlegge personlege eigenskaper
- Du må ha gode norsk-kunnskaper skriftleg og munnleg, samt gode digitale ferdigheter
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er løysningsorientert, framoverlent, entusiastisk og som har evne til å vere leiande og samlande fagleg og generellt for personalgruppa. Du har ei positiv framferd og er god på å bygge relasjoner.Du er trygg i deg sjølv både fagleg og som leiar og du er god på kommunikasjon. Vi søker ein person som motiverer, rettleier og er pådriver for utvikling av tenesta. Har høg arbeidskapasitet, evne til å arbeide strukturert, planbasert og du har god gjennomføringsevne. Du arbeider sjølvstendig samstundes som du speler på lag.
Vi tilbyr
- Eit arbeidsfellesskap som trivast godt med å arbeide i lag; vi ser og respekterer kvarandre og vil kvarandre vel
- Ei stilling som er variert og utfordrande - og veldig givande
- Løn etter avtale
- Vi tek godt imot deg og du får opplæring og rettleiing
- Eit tett samarbeid innad leiargruppa i eininga
- Positive og løysningsorienterte kollegaer
- Ei dyktig og engasjert personalgruppe
- Refleksjonsgruppe for avd.leiarar
- Gratis parkering
Krav om politattest
Oppgi referanser
Kontaktinformasjon
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar Bukollektiva, 91596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.noArbeidsstad
Sloghaugvegen 286030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4867415138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg.
FacebookSektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2769841
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba8fff95131c4e7680e7c6de735b5c96