Utekontakar - nyoppretta prosjektstillingar
Sogndal kommune Ungdomsavdelinga
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Velkommen til utfordrarbygda!
Sogndal kommune har akkurat fått tildelt prosjektmidlar til å opprette to 100% stillingar som utekontaktar i 2024.
Utekontaktane skal jobbe førebyggande og oppsøkande blant ungdom i alderen 13-24 år. Stillingane vil ha base på Sogndal kulturhus, og blir organisert i lag med ungdomsavdelinga. Utekontaktane skal vere til stades i nærmiljøet, og vil vere med å bygge eit trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge i heile Sogndal kommune. I tillegg får utekontaktane vere med å utvikle og etablere eit nytt tilbod, og bli ein del av eit fagmiljø for ungdomsarbeid som er under oppbygging.
Stillingane er eittårige engasjement, med moglegheit for forlenging. Utekontaktane vil samarbeide tett med både interne og eksterne aktørar, og bruke mykje tid ute i nærmiljøet med ungdom og unge vaksne.
Arbeidet er ein del av Sogndal kommune sitt mål om å vere best på oppvekst.
Ansvars- og arbeidsområde til stillinga
Førebyggande, oppsøkande miljøarbeid på arenaer der ungdom og unge vaksne ferdast
Bygge relasjonar både til ungdom og unge vaksne, og til andre aktørar som jobbar med målgruppa
Kartleggingsarbeid og tverrfagleg samarbeid med andre aktørar som jobbar med ungdom og unge vaksne
Bidra til utvikling av Utekontakt tilbodet og eit godt fagmiljø
Kommunikasjon og formidlingsarbeid, både eksternt og internt
Relasjonsbygging og rettleiingsarbeid
Oppfølging av- og samarbeid kring utsett ungdom
Det må påreknast arbeid på dagtid, kveldstid og helg.
Ønska kvalifikasjonar
3-årig utdanning innan sosial-, barnevern-, vernepleie-, pedagogisk eller helsefagleg kompetanse.
Anna relevant utdanning, kombinert med relevant erfaring og personlege eigenskapar kan vurderast.
Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn og unge, oppsøkande arbeid og/eller rusarbeid
Ynskjeleg med kompetanse innan rusarbeid, åtferdsproblematikk, skulevegring
Stillinga inneberer reiseverksemd i kommunen, søkar må ha førarkort.
Krav om gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Har god relasjonskompetanse og rolleforståing
Er trygg på deg sjølv i møte med andre
Er tydeleg, direkte og open i din kommunikasjon
Møter andre med respekt
Kan arbeide sjølvstendig og effektivt
Ansvarleg
Fleksibel
Evner å planleggje og styre din eigen arbeidsdag på ein produktiv måte
Me kan tilby deg:
Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø
Å få vere med å etablere og utvikle utekontakt-tilbodet og ungdomsarbeidet i kommunen
Ein variert, utfordrande og hektisk arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Fleksibel arbeidstid
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vår EasyCruit.
Kontaktperson for stillinga
Håvard Ese Eliassen, kultursjef. Tlf 901 32 006
Jarle Teo Andersen, rådgjevar oppvekst. Tlf 908 56 372
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2651089
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3350867_200637_nn