Førstelektor (1198) i datasikkerheit/cybersecurity
Universitetet i Bergen
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Førstelektor (1198) i datasikkerheit/cybersecurity
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstelektor (1198) i datasikkerheit/cybersecurity
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei midlertidig stilling som førstelektor (kode 1198) innan datasikkerheit/cybersecurity frå 1. juli 2024. Stillinga har ein varigheit på 2 år, og er knytt til utvikling og gjennomføring av DIGI/EVU-kurs finansiert av Direktoratet for høgare utanning og kompetanse (HK-dir) sitt tildeling av Cybersecurity for bransjeprogram.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og informatikk didaktikk. Våre sentre Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab er viktige utvidingar av vår aktivitet i forsking og utdanning.
Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Den som vert tilsett skal jobbe med undervising innan datasikkerheit/cybersecurity. Haustsemesteret 2024 skal følgande kurs undervisast: INF140 Introduksjon til datasikkerheit og DIGI112 og DIGI-EVU612. Deretter blir det utvikling og gjennomføring av fleire DIGI/EVU-kurs iht tildelinga fra HK-dir til EVU - Cybersecurity for bransjeprogram.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan datasikkerheit/kryptografi.
- Erfaring frå undervisning av kurs innan datasikkerheit og kryptografi er eit krav. Aktuelle fagområde som må dekkast er
- Sikker bruk av passord og beskyttelse mot sosial manipulasjon
- Sikre protokoller for nettverk og kommunikasjon
- OSINT og Google hacking
- Angrep mot web-applikasjonar og tilhøyrande forsvarsmetoder
- Kryptografi for IT-industrien
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Norskkunnskapar vil vere ein føremon for stillinga
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs slik at den som blir tilsett kan undervise på norsk, om vedkommande ikkje allereie har gode norskkunnskapar.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som førstelektor (kode 1198 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 708 000,- til kr. 777 900,- (svarar til lønssteg 71–76).
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- CV
- vitnemål og attestar
- fullstendig publikasjonsliste
- ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga
- ei utgreiing om utdanningsfagleg kompetanse
- liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
- namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
Professor og undervisningsleiar Fredrik Manne, Institutt for informatikk, e-post: fredrik.manne@uib.no / tlf. +47 55 58 41 90
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på e-post: karoline.christiansen@uib.no / tlf. +47 55 58 47 70.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig