Bømlo heimeteneste søkjer sommarvikarar
Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb Heimetenesten
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Vil du bli ein del av vårt omsorgsteam, og ynskjer å gjer ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Då er dette jobben for deg!
Me søkjer etter sommarvikarar i perioden veke 25-32 ved Bømlo heimetenester. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-32, og spesielt i juli/august månad.
Heimetenesten organiserer og utøver helsetenester som heimesjukepleie, heimerehabilitering, velferdsteknologi, dagtilbod for eldre, henting og bringing til dagtilbodet, matombringing, personleg assistanse og praktisk bistand. Hos oss vil du møta brukarar i ulike aldrar og med ulike hjelpebehov.
Målet til heimetenesten er at brukarane skal kunna leva eit så sjølvstendig liv som rå. Dei skal få hjelp/bistand til å meistra eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad så lenge som mogleg.
Arbeidsoppgåver
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene i heimetenesten. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
- Personretta hjelp (heimesjukepleie)
- Matombringing
- Praktisk hjelp
- Henting og bringing til dagtilbodet
- Opplæring i heimen
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav.
- Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med mennesker og likar å hjelpe andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Me har spanande tenester med høve til opplæring og utvikling.
- Me har eit inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Om Bømlo kommune
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. Sommarvikarar er dei som har søkt sommarjobb, uavhengig om dei elles i året har små stillingar i tenestene våre.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Hilde Markhus, verksemdsleiar.
Kontaktinformasjon
Hilde Markhus, Verksemdsleiar, 909 49 278, hilde.markhus@bomlo.kommune.noMay Linn Bortne, Avdelingsleiar Sone 1, 917 63 643, may.linn.bortne@bomlo.kommune.no
Elin Akse Vik, Avdelingsleiar Sone 2, 412 48 119, elin.akse.vik@bomlo.kommune.no
Dagrunn Lodden Økland, Konsulent, 456 14 349, dagrunn.lodden.okland@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4753955037
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2540334
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
22caef3a67c24245af4c08242d6d7c87