Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk – CSSR
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk - CSSR
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til Senteret for berekraftige undergrunnsressursar (Center for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)), som er finansiert av Norges Forskningsråd og industripartnarar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
CSSR er eit nasjonalt forskingssenter som er dedikert til å gi ny kunnskap om undergrunnen og digitale løysingar for å drastisk redusere Noregs offshore-utslepp.
For å støtte ambisjonane til CSSR har dette prosjektet som mål å utvikle, analysere og implementere nye ikkje-lineære iterasjonsmetodar. Målet er å utnytte modellar med ulik kompleksitet; frå høgtytande databeregninger til reduserte modellar og data-drivne (maskinlærte) representasjonar. Særleg er vi interesserte i den felles bruken av slike modellar og i kva grad enklare modellar kan integrerast i fullfysikksimulering.
Kandidaten vil bidra til forskingsaktivitetane i CSSR-senteret, og særleg til arbeidspakke 4. Oppgåvene som kan forventast omfattar utvikling og analyse av ikkje-lineære og lineære løysare i samanheng med fleirmodellsanalyse og simulering av undergrunnsoperasjonar. Denne utviklinga vil byggje på eit teoretisk grunnlag frå numerisk- og funksjonalanalyse, og som eit utgangspunkt byggje på litteraturen knytt til prekondisjonering for Newton-metodar. Konkrete modellproblem og numeriske døme vil bli brukt til å leie og prototype utviklinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk, utrekningsvitskap («scientific computing»), utrekningsorientert fysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 15.01.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
- Sterk kompetanse innan anvendt og utrekningsorientert matematikk, samt relatert programmering, er eit krav
- Erfaring med partielle differensiallikningar og ikkje-lineære løysare er ein fordel
- Erfaring med numeriske metodar for flyt i porøse media er ein fordel
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane sine bakgrunn bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
- medlemskap i Statens pensjonskasse gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- ei liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle andre publikasjonar i ditt namn
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Jan Martin Nordbotten, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: jan.nordbotten@uib.no, telefon: +47 909 65 990.
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig