Rektor Firda vidaregåande skule
Vestland fylkeskommune*
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Rektor Firda vidaregåande skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og vil utvikle profesjonsfellesskapet i skulen? Vil du setje retning og bidra med å utvikle ein framtidsretta vidaregåande skule i Vestland fylke?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor for Firda vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane, i Gloppen kommune. Skulen ligg sentralt i Nordfjord ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 312 elevplassar. I tillegg har skulen ca. 80 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider og med nettskulen i Vestland fylke om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca. 65 tilsette ved skulen.
Skulen sitt anlegg er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: helsefagarbeidar- og tannhelsesekretærutdanning for vaksne, studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama.
Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrkje og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord.
Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Arbeidsoppgåver
Ansvarsområde for stillinga:
- utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
- sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
- sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
- leie strategi- og utviklingsprosessar
- leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
- personalleiing
- ivareta medverknad mot næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
- økonomistyring
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.Det er ønskjeleg at du:
- set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
- har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
- har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
- markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
- har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
- byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskapar
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:- open, nytenkjande og tillitsskapande
- har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
- har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande
Vi tilbyr
- givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
- deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse.
Andre opplysningar
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Stillinga er ledig frå 1. mars 2025.
Kontaktinformasjon
Rolf Årdal, områdeleiar, 91819546, rolf.ardal@vlfk.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune*Referansenr.: 4873114879
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2769278
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d0f197fe9d2453db2e7dc8fa66d8dfd