Operative sosialfaglege ressurspersonar
Frøyland skule, Frøyland ungdomsskule og Lye skule treng fleire med på laget, og søker etter miljøveilederar eller fagarbeidarar som brenn for å vera med å skapa eit godt og inkluderande læringsmiljø!
Frøyland skule og Frøyland ungdomsskule
1 stilling som operativ sosialfagleg ressursperson i 80% fast stilling ved skulane. 40% av stillinga er på Frøyland skule og 40% er på Frøyland ungdomsskule.
Rektor: Karl Inge Aksnes, mob. 92841927
Du kan lesa meir om stillinga og skulen her: https://www.minskole.no/fus
Lye skule
1 stilling som operativ sosialfagleg ressursperson i 80% fast stilling i skulen.
Rektor: Sigrid Hinnaland Kjetland, mob. 99046933
Du kan lesa meir om stillinga og skulen her: https://www.minskole.no/lyeskule
I begge stillingane vil du bli del av eit miljøteam på skulane. Du vil òg vera deltakar i “Laget rundt læraren og eleven” som har tett samarbeid med PPT, helsesjukepleiar, sosiallærar, spes.ped-koordinator, barneverntenesta og rektor.
Me søker etter deg som brenn for å vera med å skapa det gode læringsmiljøet, samt har evna til å sjå potensialet i kvart enkelt barn! Du er oppteken av dei gode relasjonane, du er raus og god på å forstå barn og unge. Du er engasjert i det enkelte barnet og ungdommen og er oppteken av at alle skal få vera den "beste utgåva av seg sjølv". Du har evna til å jobba sjølvstendig, men er òg ein god lagspelar.
Synes du dette høyrest interessant og spennande ut, håper me du vil søka stillingane hos oss. Skriv i søknaden kva skule du søker på.
Time kommune har òg fellesannonse for ledige fagarbeidar, miljøveiledar- stillingar i skulane våre. Annonse ref.4788500322. Søkarar på stillingane i fellesannonsen kan òg bli vurderte for stillingane som operativ sosialfagleg ressurspersonar ved Frøyland skule, Frøyland ungdomsskule og Lye skule.
Arbeidsoppgåver
- Samarbeida tett med leiinga om det sosialfaglege arbeidet på skulen
- Vera del av tverrfagleg samhandling og førebyggande systemarbeid i Laget rundt læraren og eleven
- Initiera og følga opp førebyggande tiltak rundt elevgrupper/elevar for å sikra eit trygt og godt skulemiljø
- Bidra inn i arbeidet med kompetanseutvikling i personalet spesielt knytta opp mot Laget rundt læraren og eleven
- Støtta lærarane og miljøpersonalet i det daglege arbeidet, og delta i oppfølging av utfordrande enkeltsaker
- Vera del av nettverk mellom skulane og ungdomsteamet i Time kommune
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning:
- bachelorutdanning, fortrinnsvis vernepleiar og barnevernspedagog
- fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar
- Det er ønskeleg med erfaring med arbeid blant ungdom frå skule eller alternativ opplæringsarena.
- Erfaring med arbeid både på system- og individnivå.
- Kunnskap om, og erfaring med å handtera åtferdsutfordringar hos barn
- Evne til å kommunisera godt med barn, ungdommar, føresette, og andre samarbeidspartnarar.
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ein tydeleg, aktiv og engasjert vaksen
- God på å skapa gode relasjonar til elevane
- Aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
- Er med på å sikra eit godt samarbeid med føresette
- Har evne til å visa omsorg og tryggleik
Me legg vekt på at du
- Kan vera positiv og løysingsorientert i ein travel kvardag
- Er strukturert og samtidig fleksibel
- Kan arbeida både sjølvstendig og vera ein del av eit team
- Har godt humør og ei open og inkluderande haldning til både barn og vaksne
Vi tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 304340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4788519962
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2024
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.