Assistent på dagavdelinga- ferievikar
Omtale av stillinga
Heimtenester Sør søkjer etter assistent på Dagavdelinga i ferieperioden 24.06.24-18.08.24. Dagavdelinga er eit tilbod til heimebuande eldre, og me har ope 5 dagar i veka. Her er det felles aktivitetar, måltid og nokre gongar felles turar.
I ferieavviklinga treng me ein vikar med førarkort, som kan bidra til å hente/bringe heimebuande eldre, samt vera med på aktivitet gjennom kvardagen. Stillinga er på dagtid, vekedagar.
Arbeidsoppgåver
- Aktivisering, henting og oppfølging av heimebuande eldre som er på Dagavdelinga.
Kvalifikasjonar
- Over 18 år
- Førarkort på bil
Eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon
- Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
- Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.