Helsesekretær/medisinsk sekretær
Helse Bergen
5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær / medisinsk sekretær
Type ansettelse
Engasjement, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk med vel 20 medarbeidarar. Avdelinga yter teneste til ulike kliniske einingar i sjukehuset, og behandlar både pasientar innlagt ved sengepost og pasientar til poliklinisk behandling. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Vi har oppretta eit engasjement for helsesekretær/medisinsk sekretær i 60 % stilling med moglegheit for fast ansettelse. Ergoterapiavdelinga har ikkje hatt merkantil ressurs tidelegare så dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer å vere med å utvikle og forme stillinga sjølv. Oppgåvene er knytt til timetildeling i poliklinikk og administrasjon i ulike fagsystem.
Vi søkjer deg som jobbar strukturert og sjølvstendig, og som vil bidra til god logistikk og pasientflyt.
Arbeidsoppgåver
- Timetildeling i DIPS og andre pasientadministrative oppgåver
- Telefonteneste
- Innkjøp, bestilling og mottak av varer
- Administrative oppgåver i ulike fagsystem
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsesekretær eller medisinsk sekretær
- Ønskjeleg med erfaring frå spesialisthelsetenesta og bruk av DIPS
- God IKT kunnskap, gjerne innanfor fagsystema som vert nytta i spesialisthelsetenesta
- Du må meistre godt norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og vere serviceinnstilt
- Du trivast med logistikk og administrative oppgåver
- Du er målretta og får oppgåvene gjort
- Du er strukturert
- Du er ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du vil bidra til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Moglegheit til å bidra med å utvikle og forme stillinga sjølv
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Bodil Stokke, Avdelingssjef, +47 55975008Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4835184460
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 11.08.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2696745
- Sist endret
12. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67f0f781105a4bcabcd6f3b70f20faea