Brukarstyrt personleg assistent BPA 55 % engasjement
Om eininga/avdelinga
Eining heimetenester omfattar tenester til heimebuande personar, som søker teneste som er omfatta av helse- og
omsorgstenestelova. Brukarstyrt personleg assistent er ein del av tenesta. Det utlyste engasjementet som personleg assistent kan delast i ei 32 % og 23 % stilling, då det er to personar som nyttar seg av ordninga.
Om stillinga
Brukar er arbeidsleiar og deltek i planlegging og tilrettelegging av tilbodet.
Arbeidstid er mest lagt til dagtid, men ein må rekne med noko arbeid til andre tider.
Fell behovet for teneste vekk i kortare eller lengre periodar må den som vert tilsett rekne med å utføre andre
arbeidsoppgåver i pleie- og omsorgstenesta.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak retta mot å legge kvardagen til rette. Det inneber personleg assistanse, praktisk bistand og følgje til sosiale og kulturelle aktivitetar etter brukaren sine behov og ønsker.
Krav til søkar
Det er ikkje krav til formell utdanning, men det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, fleksibilitet og sikkerheit. Det er ein fordel om søkjer er ein sosial person med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Dei to personane ønsker seg personleg assistent med livserfaringar, som dei kan vere sosial og gjennomføre aktivitetar saman med.
Det er krav om at den som vert tilsett deltek på kurs/opplæring i ordninga for BPA.
Søkjar må ha sertifikat.
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest før tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.