Førstekonsulent innan våpenforvaltning
Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie - Seksjon for forvaltning, Møre og Romsdal politidistrikt
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Om jobben
Stillingstittel
Førstekonsulent innan våpenforvalting
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Vi har ledig ei førebels stilling som førstekonsulent, med våpenforvaltning som hovudarbeidsoppgåve.
Vi søker deg som har motivasjon og erfaring/ interesse for forvaltning. Du er ein positiv miljøskapar, er serviceinnstilt, effektiv, fleksibel og god å samarbeida med og har evne til å takla eit høgt arbeidstempo. Du kommuniserer godt, har lærevilje, evne til gjennomføring, er sjølvstendig, nøyaktig og strukturert.
Stillinga er for tida organisert ved Seksjon for forvaltning som er ein av fire seksjonar under Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie (FUFSR). Kandidaten vil inngå i eit team der tre-fire saksbehandlarar har ansvar for dei same oppgåvene. Hovudoppgåvene til denne stillinga vil vera innanfor våpenforvaltning.
Forvaltningsseksjonen har medarbeidarar lokalisert ved Kristiansund politistasjon og Hustadvika politistasjon i Elnesvågen. Stillinga blir lyst ut med arbeidsstad Hustadvika politistasjon, der saksbehandlarstillingane på våpenforvaltninga er samlokaliserte.
Medarbeidarane ivrar for forvaltningsoppgåvene og utnyttinga til politiet av høva forvaltningssporet har til å førebyggje kriminalitet og ulykker.
Politiet har ei medarbeidarplattform som krev at medarbeidarane er modige, tenkjer og handlar heilskapleg, viser respekt og er tett på. I vurderinga av kandidatane til stillinga vil også desse krava bli vektlagde.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling innan forvaltningsgjeremålet til politidistriktet, med hovudvekt på våpenforvaltninga til politiet.
- Kontrollar/saksbehandling i samband med forvaltningskontroll, opp mot våpenforhandlarar, skyttarlag og våpeneigarar.
- Saksbehandling innan andre forvaltningsgjeremål må påreknast.
- Ha fokus på førebygging gjennom forvaltning.
- Legga til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring – bidra til kompetansedeling innan forvaltningsområdet.
- Eksterne foredrag og/eller rettledning for samarbeidspartnarar.
- Kan påleggast andre oppgåver.
Kvalifikasjonar
Nødvendige:- Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Særleg relevant praksis og realkompetanse kan erstatta kravet om utdanning
- Eventuell utdanning frå utlandet må vera godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) før ansettelse
- Kjennskap til norsk offentleg forvaltning og saksbehandling
- God skriftleg og munnleg utrykks- og formidlingsevne på norsk
- God muntlig framstillingsevne på engelsk
- God basiskunnskap innan IKT
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Kurs/studier innenfor forvaltning/juridiske fag
- Erfaring fra arbeid innen offentlig forvaltning generelt og innen fagfeltet spesielt
- God skriftlig formidlingsevne på engelsk
- Gode IKT-kunnskapar
- God kjennskap til politiets registre
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og har evne til å prioritere oppgaver effektivt
- Du er effektiv, nøyaktig og lærevillig
- Du kommuniserer tydelig og tilpasser deg ulike målgrupper
- Du er god på å håndtere stress
- Du er engasjert og positiv, med evne til å bidra til et godt arbeidsmiljø
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- En utfordrende og spennende arbeidsplass for deg som vil være med på å forme fremtidens politi
- Førebels stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) i Møre og Romsdal politidistrikt.
- Varigheit for førebels stilling er til og med 31.12.2025.
- Stillingen lønnes som førstekonsulent fra kr 495 200,- til kr 565 900,- brutto per år.
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
- Endelig plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjoner og ansiennitet.
- Tilsetjing etter gjeldande regelverk, lov om statens tilsette, personalreglement mv.
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Fleksibel arbeidstid
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Sissel Straume Brevik, Seksjonsleiar, 97140982Arbeidssted
Torget 86440 Elnesvågen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4888651189
Stillingsprosent: 100%
Førebels
Startdato: 03.02.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 02.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Sissel Straume Brevik
Seksjonsleiar
97140982
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807139
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf51bff492034ce39e799d353a231b01