Kateket/kyrkjelydspedagog
Aukra Sokn
Skogvegen 1a, 6480 Aukra
Om jobben
Stillingstittel
Kateket/kyrkjelydspedagog
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. mars
Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 40 % fast stilling som kateket/kyrkjelydspedagog i Aukra sokn. Stillinga omfattar i første omgang oppgåver og ansvar for kyrkjeleg undervisning for barn og unge i aldersgruppa 0 – 18 år etter vedteken trusopplæringsplan. Planen står framfor revisjon i høve til nyleg vedteken Plan for kirkelig undervisning og læring.
Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre kyrkjeleg undervisning og læring retta mot barn og ungdom
- Ta del i konfirmantarbeidet
- Rekruttere, motivere og følgje opp frivillige medarbeidarar
- Noko kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom og pedagogikk
- Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge
- Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
- Grunnleggande datakunnskap
- Søkar må være medlem av Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Gode formidlings- og kommunikasjonsevner i møte med barn og unge
- Initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
- Gode leiareigenskapar
- Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode pedagogiske evner
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk eller anna skandinavisk språk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
- Fleksibel arbeidstid • Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
- Pensjonsordning i KLP
Søknad og kontaktinformasjon:
- Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
- Søknadsfrist: 17.03.2025
- Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf. Trussamfunnslova § 20
- Prøvetid: 6 mnd.
- Kontaktpersonar: Leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, e-post erlend.melby@korsvikbakken.com, tlf. 922 20 253 eller fung. kyrkjeverje Max Ingar Mørk, e-post max.mork@aukra.kommune.no, tlf. 951 85 921
Vi gjer merksam på at vi også har ledig 60 % stilling som kantor / organist / kyrkjemusikar. Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane diskuterast.
Kontaktinformasjon
Erlend Melby, Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd, 922 20 253Max Ingar Mørk, Fung. kyrkjeverje, 951 85 921
Arbeidsstad
Skogvegen 1a6480 Aukra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Aukra SoknReferansenr.: 4924669754
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Max Ingar Mørk
Fung. kyrkjeverje
951 85 921
Erlend Melby
Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd
922 20 253
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2865795
- Hentet fra
talentech
- Referanse
903c1a4e63c64363853d3498412e7ad3