Sjukepleiar/vernepleiar til 100% svangerskapsvikariat med kvar 4.helg
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4197130477 Presentasjon av stillingen:
Akuttposten er ein døgnbemanna post med kapasitet til 8 pasientar. Vi held til i 2. etg. i det nye Barne- og ungdomssjukehuset, Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. Målgruppa vår er barn/ungdom i alderen 0-18 år med psykiske lidingar, som er innlagd frivillig, på foreldresamtykke eller under tvang.
Oppgåvene våre er knytt til observasjon, utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/ utprøving av tiltak og behandling. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiater, psykologspesialistar samt legar i spesialisering (LIS).
Posten har dei siste tre åra vore med i eit nasjonalt nettverk kalla Kvalitet i Institusjonsbehandling i Psykisk helsevern (KvIP). Gjennom dette blir vi årleg evaluert opp mot målbare standardar for god institusjonsbehandling. Slik sikrast kontinuerleg arbeid for betre kvalitet på våre tenester med tanke på til dømes reduksjon av tvangsbruk, betre familiesamarbeid, brukermedverknad osb. Som eitt av tiltaka har vi nyleg tilsett ein familieterapeut som eit prøveprosjekt i eitt år.
Akuttposten er for tida i ei prosess med implementering av kognitiv miljøterapi. Denne prosessen ønskjer vi at du skal vere med på.
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykisk liding. For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging/miljøkontakt i post - observere, kartleggje og dokumentere pasientane sine behov samt iverksetje miljøterapeutiske tiltak
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Å ha kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidet
- Primærkontakt og del av eit team for enkeltpasientar, kor du deltar på avgjerder kring pasientbehandlinga
- Mottak av nye pasientar saman med vaktlege
- Ansvarsvakt
- Administrering av legemiddel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid og rus eller anna relevant utdanning
- Erfaring innan psykisk helsearbeid
- Fagleg engasjement innan psykisk helsearbeid
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows OS og Office)
- Ønskjeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)
- Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godt
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer medarbeidarar som:
- har respekt for den enkelte pasient
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibel
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevne
- trivast i eit aktivt og travelt miljø og har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Arbeid p.t. i snitt kvar 4. helg
- Opplæringsvakter samt fadderordning
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Internundervising
- Rettleiing/MAP i gruppe kvar 4. onsdag
- Kursing i MAP (Møte med Aggresjons Problematikk)
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- PBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakar ved sjukdom
Kontaktinformasjon
Nina A. Auro, Seksjonsleiar, 55975753
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4197130477
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.04.2020
Sluttdato: 15.08.2021
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.