Bjørnafjorden kommune søkjer fagleiar VA
Bjørnafjorden kommune
Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar VA
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bjørnafjorden kommune søkjer ein sjølvstendig og engasjert fagleiar innan VA til eit fagfelt i stadig endring. Hos oss vil du få varierte og gjevande arbeidsoppgåver, leiaransvar og ei brei kontaktflate. Stillinga rapporterer til einingsleiar for Samferdsle og VA. Oppmøtestad er for tida i Industrivegen 96 i Os.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER
I rolla vil du ha det overordna faglege ansvaret for VA, der du vil spele ei sentral rolle i styringa og utviklinga av avdelinga. Som fagleiar har du ansvar for oppfølging og godkjenning av VA-tekniske planar. Vidare følgjer du opp innbyggjarar, næringsliv og private utbyggjarar, samt byggjefelt og VA som skal overtakast. Du leiar ei avdeling med ni ingeniørar og to konsulentar.
Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere
- personal- og budsjettansvar for avdelinga Vatn og avløp
- justering og vidareutvikling av avdelinga sitt kvalitetssystem
- førebu saker til politisk utval
- oppdatering og prioriteringar av Hovudplan VA
- oppfølging av driftskontrakt med Bergen Vann
DIN PROFIL
Me ser etter deg som har erfaring innan VA, gjerne frå offentleg/kommunal sektor. Du er løysnings- og utviklingsorientert, og du motiverast av å vere ein bidragsytar til å vidareutvikle Bjørnafjorden kommune sine tenester til innbyggjarane.
Vidare ser me føre oss at du
- har høgare utdanning innan VA, relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- har kjennskap til gjeldande lovar og forskriftar
- er målretta, strukturert og har god gjennomføringsevne
- er ein relasjonsbyggar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- beherskar norsk både munnleg og skriftleg
- har førarkort klasse B
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i vurderinga.
KVIFOR BJØRNAFJORDEN KOMMUNE?
Hos oss får du
- ein variert og hektisk kvardag i ein kommune i vekst
- fagleg spennande oppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- fleksitidsordning
Søknadsfrist: 4. desember – Søknadar vurderast fortløpande.
YNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?
Kontakt vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevarane
- Marit Ecklo Brevik, tlf. 907 24 333
- Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056
Registrer søknad og CV snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål.
Oppstart etter avtale.
Kontaktinformasjon
Marit Ecklo Brevik, Rådgiver, 907 24 333, meb@hamnoy.noJohanna Grindhaug, Research & analyse, 959 33 056, jg@hamnoy.no
Arbeidssted
Torggata 75200 OS
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kommuneReferansenr.: 4882960735
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2024
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2787178
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b1c02f360a37473c95da7c8cc3191263