Stillingar i Rogne barnehage - barnehagelærar og fagarbeider
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Stillingar i Rogne barnehage - barnehagelærar og fagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Me søkjer deg som har lyst til å bli ein del av teamet vårt i barnehagen.
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag
Rogne Barnehage er ein 3 -avdelings barnehage, med bygg frå 2015. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Følgjande stillingar er ledig:
- 80% vikariat som pedagogisk leiar t.o.m. 14.08.24
- 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeider
- 100% engasjement som fagarbeider/assistent i perioden 01.04.24-14.08.24
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
- Pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
- Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar til stilling som pedagogisk leiar
- Andre med relevant utdanning kan bli vurdert om det ikkje er kvalifiserte søkjarar
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget er ynskeleg for den faste fagarbeiderstillinga. Til engasjementet kan det også vere aktuelt med helsefagleg utdanning/erfaring
- Det er ynskjeleg med praksis frå barnehage
Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
- Ha humor og glede
- Vere påliteleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, +47 95733837Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4775343359
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Engasjement, Vikar
Søknadsfrist: 17.03.2024
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2581632
- Sist endret
18. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4a50903eca7747bfab5b476b8c29f1bb