Miljøterapeut
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. januar
Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca. 70 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Overordna mål for tenesta er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar. Du vil arbeide brukarnært med mellom anna utarbeiding av mål- og tiltaksbeskrivingar, miljøarbeid, psykisk og somatisk helseoppfølging og støttesamtalar.
Vi er på utkikk etter deg som har engasjement for brukargruppa og kan bidra til at brukarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
- Sikre at gjeldane lovverk, og vedtak blir følgde
- Ansvar for koordinering og opfølging av ansvarsgrupper
- Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
- Målretta miljøterapi
- Planlegge, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
- Journalføring
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse og sosialfagleg utdanning, eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming og arbeid med mennesker med utagerande åtferd
- Kjennskap til HOL- kap 9
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa.
- Du må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du har godt humør, pågangsmot, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
- Du er ein pådrivar for å skape ei god teneste og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du må meistre utagerande åtferd og handtere konfliktar på ein profesjonell måte.
- Du er ein initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
- Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
- Du er trygg og arbeider målretta.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd i stor grad.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
- Langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg.
Kontaktinformasjon
Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4887723240
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Synnøve Marie Hestenes
Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta
+47 930 18 186
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796084
- Hentet fra
talentech
- Referanse
066f2c52ac8c464499e334d33ebdb526