Inspektør til grensekontrollstasjonen Haugesund Havn, Karmøy
Mattilsynet, Avdeling Sunnhordland og Haugalandet
Eikeskogvegen 77, 5570 Aksdal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Førsteinspektør/seniorinspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Grensekontrollstasjonen Haugesund Havn på Karmøy blei opna våren 2023. Grensekontrollen er godkjent for alle produktkategoriar innan animalske produkt med unntak av levande dyr. For å kontrollere varer frå tredje land har vi behov for førsteinspektør/seniorinspektør som kan jobbe ved grensekontrollstasjonen.
Du vil få ein variert arbeidskvardag, jobbe i hovudsak ved grensekontrollstasjonen, men også med andre oppgåver frå kontoret på Aksdal. Du vil jobbe i eit tverrfagleg miljø.
Avdeling Sunnhordland og Haugalandet har totalt ca 37 medarbeidarar, med kontorstad på Stord og Aksdal, kjøttkontroll i Ølen og Sandeid og grensekontrollstasjon på Karmøy.
Arbeidsoppgåver
- Utføre grensekontroll og rettleie om import av animalske næringsmiddel og ikkje-animalske næringsmiddel, animalske biprodukt og matkontaktmateriale frå tredjeland (land utanfor EU) ved Grensekontrollstasjonen Haugesund havn
- Gjennomføre dokumentkontrollar, ID-kontrollar og fysiske kontrollar av produkta, inkludert prøvetaking
- Behandling av meldingar i det europeiske meldesystemet TRACES NT
- Administrativt arbeid ved grensekontrollen, i tillegg til det faglege ansvaret for den kontrollen som blir gjennomført
- Samarbeide med grensekontrollane i Noreg
- Samarbeide med Tollvesenet
- Arbeidstid både i normalarbeidstid, kveld og morgon etter ein vaktplan og med rullering av oppgåver
- Oppgåver innan andre område i avdelinga kan bli aktuelt
Du:
- har bachelor eller annan høgskule eller universitetsutdanning innan relevante fagområde for eksempel matvitenskap, biologi eller tilsvarande
- har relevant erfaring eller kjennskap til fagområdet import og grensekontroll
- kommuniserer tydeleg, snakkar og skriv flytande norsk og engelsk
- har evne til å tilpasse deg nye digitale løysningar
- har førarkort klasse B
For å lykkast i jobben er det viktig at du:
- har god rolleforståing, og evnar difor å gjere gode forholdsmessige vurderingar i forvaltninga av regelverket
- kan kombinere samarbeid internt i gruppa og på tvers av fagområde med å jobbe sjølvstendig
- er god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, og finne løysningar
- er fleksibel i arbeidsdagen og at du kan planlegge godt, ta gode avgjersler i ein hektisk arbeidsdag, og kan tilpasse deg endringar
- kan takle vaktordning med rullering i arbeidstid dag og kveld
Personleg eignaheit og korleis du passer inn i teamet er ein viktig del av vurderinga, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget vårt.
Vi tilbyr
- Eit fagleg sterkt felleskap på tvers av avdelingar og geografi
- Utvikle din kompetanse innan eit spennande og komplekst fagområde
- Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr.550.000 til kr 640.000 (ltr 56 - 65), for samanliknbare stillingar i Mattilsynet.
- Pensjons- og lånevilkår gjennom Statens Pensjonskasse
- Godtgjersle for ubekvem arbeidstid etter gjeldande regelverk
Slik søkjer du
Søknaden blir motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem, Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan leggje inn søknaden. Vi ber om at du lastar inn vitnemål og attestar som vedlegg. Ver vennleg å oppgi referanser i søknaden.
Kontaktinformasjon
Kristin Lervåg, Avdelingssjef, +4722778535, Kristin.Lervag@mattilsynet.noArbeidssted
Eikeskogvegen 775570 Aksdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: MattilsynetReferansenr.: 4794510764
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2024
Om bedriften
Mattilsynet skal bidra til å sikre folk trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet skal også bidra til å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1250 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere til stades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hjå oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi brukar berre avkryssingane til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2634811
- Sist endret
12. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
72a6c154ed1749b0ad8f62a58ac0183e