Juridisk rådgjevar - Nye Sogndal kommune
Nye Sogndal kommune vil modernisera, profesjonalisera og vidareutvikla kommunen som forvaltningsorgan.
Stillinga som juridisk rådgjevar vil i 2019 tilhøyra prosjektorganisasjonen, men frå 01.01.2020 rapportera direkte til rådmann, men dagleg plassert i stab/støtte, men ein skal ha tverrgåande rådgjevingsfunksjon innan ulike rettsområder.
Arbeidet vert til ein kvar tid regulert av lover, forskrifter, regelverk og interne rutinar.
Det vert føresett at juridisk rådgjevar har relevant juridisk erfaring og formell kompetanse, og at ein til ei kvar tid er fagleg oppdatert, sikrar gode interne rutinar og at desse vert oppdatert og etterlevd. Vidare må juridisk rådgjevar vere pådrivar for å forenkle og effektivisere kommunen sine prosessar. Vi ynskjer ein sterk fagperson i stillinga, med stor grad av integritet.
Arbeidsoppgåver
- Vere med å vidareutvikle og effektivisere heile organisasjonen, både smart- og dynamisk utan å verte byråkratisk.
- Kvalitetssikra, vidareutvikla gode interne rutinar for nye Sogndal kommune i henhald til lov og avtaleverk.
- Sikre gode og effektive faglege analyser.
- Leiarstøtte.
- Ein ser føre seg at stillinga vil ha fleire sakshandsamings -og rådgjevingsfunksjonar innan felta personalfelt, innkjøpsfelt, konsultasjon knytt til faglege problemstillingar i samband med generell kommunal tenesteproduksjon, innbyggjarklager med vidare.
Formalkompetanse:
- Jurist/master i rettsvitenskap.
Realkompetanse:
- Minst tre års erfaring som jurist.
- Sakshandsaming innan offentleg administrasjon.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidseigenskapar og motivere kollegaer.
- Fleksibel, dynamisk.
- Høg integritet.
- Positiv, proaktiv og engasjert.
- Arbeide nøyaktig, strukturert og effektivt.
- Ha gode datakunnskapar og god systemforståing.
- Ha gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar som krevst i stillinga vil verte vektlagd.
Vi kan tilby:
- 100% fast stilling med oppstart etter avtale.
- Gunstig pensjonsordning og ulykkes - og gruppelivsforsikring
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
- Løn etter avtale.
Arbeidsstad
Leikanger
For søknad
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål kontakt Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.
I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.