Psykologspesialist/psykolog
Rehabiliteringssenteret AiR-klinikk er ein landsdekkande ideell institusjon innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Me arbeider i team med lege, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Saman støttar me deltakarane våre ut frå ei heilskapleg tilnærming til endringsprosessar.
AiR-klinikk har i dag totalt fem stillingar for psykolog/samtaleterapeut.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Medverke til å legge til rette for auka arbeidsdeltaking for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne ved betre forståing for eigne ressursar og auka mestringskjensle gjennom:
- Individuelle konsultasjonar
- Undervisning
- Tverrfagleg sparring og samarbeid
- Klinikken er samlokalisert med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering.
Vinje kommune
Kommunepsykologen skal ivareta eit breitt spekter av arbeidsoppgåver som fordeler seg i fem hovudgrupper: System- og samfunnsretta arbeid, rettleiing og fagstøtte, helsefremjande og førebyggjande arbeid, lågterskel behandling og oppfølging og tverrfagleg/fleirfagleg samarbeid. Eit særleg fokusområde er barn og unge. Sjå www.vinjekommune.no
Arbeid og ansvarsområde:
Stillinga er nyoppretta og du vil få høve til å deltaka i utforminga av arbeidsoppgåver, med utgangspunkt i kommunens behov og din kompetanse og interesser.
Faglege kvalifikasjonar:
- Erfaring med individuelle samtaleforløp. Det er ei føremon om du har erfaring innan kognitiv metodikk.
- Interesse for tverrfaglege funksjonsvurderingar.
- Interesse for undervising og gruppeprosessar.
- Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog.
- God skriftleg framstillingsevne.
- God evne til samarbeid.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr:
- Innhaldsrike og gjevande arbeidsdagar
- Høve til fagleg utvikling både internt i organisasjonane og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering
- Topp arbeidsmiljø
- Fantastisk natur og omgjevnader
- Hjelp til å skaffe bustad
- Konkurransedyktige vilkår
Rehabiliteringssenteret AiR har arbeidsgjevaransvaret for stillinga.
For meir informasjon, kontakt:
Leiar AiR-klinikk, psykolog Matias I.S.W. Nielsen, tlf. +45 61 30 63 15, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no eller direktør ved AiR, Svein Kostveit, tlf. 480 37 560, e-post: svein.kostveit@air.no
Helse- og omsorgssjef Vinje kommune, Kari Dalen, tlf. 478 94 710, e-post: kari.dalen@vinje.kommune.no eller avdelingsleiar psykisk helse og rus, Carsten Hald, tlf. 909 37 093, e-post: carsten.hald@vinje.kommune.no
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR og Vinje kommune etablerer no ei spennande, nyskapande stilling for psykologspesialist/psykolog. Stillinga er delt 50/50 mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Dersom aktuelt gjev stillinga høve til spesialisering innan samfunns- og allmennpsykologi.