Assisterande departementsråd
Energidepartementet
Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande departementsråd
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ansvarsområde og kvalifikasjonskrav
Assisterande departementsråd skal utfylle og avlaste departementsråden i den daglege leiinga av departementet og i leiinga av større prosjekt og saker som krev ekstra merksemd frå leiinga i departementet. Assisterande departementsråd skal vidare støtte departementsråden i strategisk utvikling av departementet, bidra til god samhandling i departementet og med andre departement, og skal kunne vere avløysar for departementsråden ved behov.
Vi søker ein leiar som er trygg i rolla og med følgande eigenskapar:
- Betydeleg røynsle med arbeid i departementa og avgjerdsprosessane i regjeringa.
- Røynsle med prosessar i forvaltninga.
- Evne til å motivere og engasjere medarbeidarar, og interesse for strategisk utvikling av organisasjonen.
- Høgare utdanning på masternivå. Økonomisk og juridisk utdanning er særleg relevant for stillinga.
- Røynsle frå energisektoren. Kompetanse frå andre relevante område er også ein fordel.
- Brei samfunnsforståing.
- Høg arbeidskapasitet og god gjennomføringskraft.
- Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og evne til å bygge gode relasjonar.
- Gode språkkunnskapar i begge norske målformer og engelsk er nødvendig for stillinga.
Stillinga er et embete som forutsett norsk statsborgarskap.
Generell informasjon
Stillings lønnes etter statens lederlønnssystem, og i spennet mellom kr. 1 400 000-1 700 000.
Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast og autoriserast etter sikkerhetsloven.
Etter søknadsfristen er gått ut vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste. Opplysningar om søkarar kan bli offentleggjort sjølv om søkarar har bedt om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista.
Energidepartementet ønsker at arbeidsstyrken speglar mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn eller funksjonsevne. Les meir på arbeidsgiverportalen.
Kontakt oss
Ta kontakt med departementsråd Andreas H. Eriksen på tlf. 22 24 61 04 for meir informasjon om stillinga. Spørsmål om rekrutteringa kan rettast til seniorrådgjevar Ingrid Nyhus Tyssen på tlf. 22 24 63 10.
Om bedriften
Energidepartementet skal leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og forsvarleg forvaltning av energiressursane, og å leggje til rette for eit effektivt og velfungerande energisystem.
Ansvarsområdet til departementet er bredt og samansett. Endra og nye oppgåver stiller større krav til merksemd om endring og utvikling. Leiinga i departementet er derfor utvida med eit nyoppretta embete som assisterande departementsråd.
Sektor
Offentlig