Distriktsmusikar folkesong
Gloppen kulturskule er ein veldriven kulturskule med om lag 350 elevar innan musikk, dans og visuelle kunstfag. Vi har eit nært samarbeid om lærarkrefter med Firda vgs, og undervisningsstadene våre er Sandane, Breim og Hyen. Vi har i dag 5 distriktsmusikarar med hovudbase i Trivselshagen på Sandane.
Arbeidsoppgåver
50% utøvande stilling, 50% undervisning
Undervisningsdelen består av opplæring av kulturskuleelevar, og den kan også bestå av undervisning av elevar ved musikklina, dirigering av kor, seminarverksemd og instruksjon innan det frivillige musikkliv. Den utøvande delen består av konsertverksemd i samarbeid med det frivillige musikkliv, med distriktsmusikarar og andre musikarar både lokalt og i resten av fylket, institusjonskonsertar, samt skule- og barnehagekonsertar i samarbeid med fylkeskommunen
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein dyktig folkesongar med minimum 4 års høgskuleutdanning på hovudinstrumentet med pedagogikk. Søkjarar med mykje realkompetanse kan bli vurdert utan å oppfylle kravet til høgskuleutdanning og pedagogikk. Søkjarane bør ha god kjennskap til lokal tradisjonsmusikk. Biinstrument som folkedans, hardingfele og fele vil også verte vektlagt.
Personlege eigenskapar
Søkjarane må vere engasjerte og initiativrike, og dei må kommunisere godt med både born og vaksne. Dei må vere innstilte på både å jobbe både saman med dei andre distriktsmusikarane og åleine. Søkjarane må ha sertifikat og disponere bil.
Vi tilbyr
Lønn ette avtale.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 månader
Det er ein føresetnad for tilsetting at det vert inngått avtale om felles finansiering mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kulturskule.
Kontaktinformasjon
Ann Karin Ose, Einingsleiar, 934 43 519
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenummer:4036579844
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 21.03.2019
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 - 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.