ID 2083 Fastlegeavtale - Legetenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Fastlegeavtale, Fastlege
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Har du lyst å jobbe i eit trygt miljø med erfarne og stabile kollegaer?
Stord kommune søker ein fastlege til ledig heimel med 900 innbyggarar på fastlegelista.ved Øyo legekontor i kommunesenteret Leirvik.
Øyo legekontor har i alt fire heimlar. Om ønskeleg kan den utlyste heimelen omgjerast til kommunal fastløna stilling.
Øyo legekontor er i lyse moderne lokalar sentralt i Leirvik. I eit miljø med gode og erfarne kollegaer vil du oppleve ein meiningsfylt kvardag, fagleg utvikling og trivsel. Fastlegen går inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontoret. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS.
Stord kommune tilbyr
- Rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS.
- Næringsdrivande ALIS-lege får dekka utgifter til vidare- og etterutdanning.
- Gode permisjonsordningar for fastløna legar.
- Deltaking i vaktordning i legesenteret på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt (SIL) kveld og helger (Sunnhordland interkommunale legevakt IKS - Stord kommune).
- Legevakta er eit samarbeid mellom tre kommunar (Bømlo, Stord, Fitjar) med i alt 31000 innbyggjarar.
- Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale vegg i vegg med Stord sjukehus og ambulanse.
- Om lag 3 vakter/mnd. og høve til ekstravakter.
- Eiga daglegevaktordning, vaktene rullerer mellom legesenter.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 i Noreg.
- Refusjonsrett frå Helfo.
- Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller vil påbegynne denne.
- Gode samarbeidsevner.
- Godt norsk språk og god kulturforståing.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar. Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk*.*Det må leggjast fram politiattest.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For ytterlegare opplysingar om stillinga:
Kommunalsjef Anne Karin Fossdal, tlf. 907 62 789, e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
Øyo legekontor v/ fastlege og heimelshavar Bjarte Wilhelmsen, tlf. 472 40 462, e-post: bjarte.h.wilhelmsen@gmail.com
Kommuneoverlege Eva Biringer, tlf. 457 24 976, e-post: eva.biringer@stord.kommune.no
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2422989
- Sist endret
25. september 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e2a75e1e-f52e-4dd9-992f-a0ee4612715d