Lærar
Hå kommune Høyland skule
Jærvegen 18, 4365 Nærbø
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Antall stillinger
1
Høyland skule søkjer lærar i inntil 60 % vikariat snarast. Vikariatet gjeld fram til sommaren.
Høyland skule ligg på Høyland langs fylkesveg 44 nordvest for Nærbø sentrum og har ca.115 elevar og om lag 19 tilsette. Det er ein 1-7 barneskule. Høyland skule er ein god skule å gå på. Skulen har eit godt sosialt miljø med tydelege vaksne og elevar som veit kva som vert forventa av dei. Visjonen vår er: Høyland skule - trivsel og læring. Våre satsingsområde dette skuleåret er munnlege ferdigheiter og motivasjon.
Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning
- god IKT-kompetanse
- gode kommunikasjonsevner; du må beherske norsk skriftleg og munnleg
- du må vere løysningsorientert og bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- sørgje for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- planlegge og leie elevane si læring
- analysere og følgje opp elevane sin progresjon
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
- delta og bidra i eit lærande fellesskap på skulen
- samarbeide med andre faginstansar
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du er god på relasjonar og er ein tydeleg klasseleiar. Du må kunne jobbe sjølvstendig, samtidig som du må kunne samarbeide med kollegaer og føresette.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2719345
- Sist endret
10. september 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3391139_194321_no