ER DU KLAR FOR EI SPENNANDE UTFORDRING?
Våre aviser Kvinnheringen og Hardanger Folkeblad skal tilsetja medierådgivarar i vikariat.
ER DU KLAR FOR EI SPENNANDE UTFORDRING?
Våre to aviser treng to svoltne medierådgivarar med digital forståing og kompetanse som kan vera med på å styrka teamet i alle fall ut 2021. I begge vikariata ønskjer vi rask tiltreding og i begge er det moglegheit for fast stilling, etter kvart.
Våre lokalaviser er dei desidert sterkaste marknadskanalane i sitt dekningsområde, og har ein sterk posisjon blant kundane. Derfor er vi på jakt etter svoltne medierådgivarar, som er klare til å imponera kundane våre.
Som medierådgivar skal du selja våre tradisjonelle flater på print, men først og fremst ha eit digitalt fokus og god forståing av kunden sine mange digitale moglegheiter - både på våre og andre kanalar.
Vårt mål som rådgivarar er at vi skal "Kjenna våre kundar best og gi dei best effekt - i heile Norge".
Kvalifikasjonar:
o Utdanning og erfaring innanfor sal, marknadsføring og/eller media
o Trygg på å presentera tilbod og løysingar framfor folk
o Solid forståing av digitale flater
o God erfaring og sertifisering på Google adwords er ønskjeleg
o Erfaring med analyse/innsiktsverktøy som Google Analytics
o Resultatorientert
o God kjennskap til Powerpoint, Keynote eller liknande.
o Evne til å endra seg i takt med marknad og ny teknologi
o Språk: Norsk og Engelsk - god formidlingsevne skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
o Du er omgjengeleg og likar å jobba i team, men er sjølvgåande ved behov
o Du er strukturert og nøyaktig
o Du har kommersiell teft
o Du har høg arbeidskapasitet, og kan jobba i høgt tempo
o Du er god til å kommunisera og forenkla bodskap
Arbeidsoppgåver:
- Du blir ein del av Amedia region Haugalandet sitt salsteam
- Som medierådgivar har du ansvar for eigne salsbudsjett, og å bygga og utvikla kundeportefølje
- Delta aktivt i kundemøte, byråmøte, pitchar og presentasjonar
- Laga skalerbare løysingsforslag, presentasjonar og skisser
- Dela innsikt og vera rådgivar for kundar og salsteam
For rett person vil vi tilby spennande karriere- og utviklingsmoglegheiter i regionen sitt leiande mediemiljø og eitt av dei mest offensive mediekonserna i Norge. I tillegg får du gode løns- og arbeidsvilkår, løpande kompetanseutvikling og gode kollegaer.
SØKNADSFRIST 10. JANUAR 2020
Spørsmål eller søknad med CV kan du senda til Vidar Jenssen, salsdirektør Amedia, region Haugalandet på mail: vidar.jenssen@amedia.no